Godt frammøte på fyrste møtet i 2012.
Dei 11 som kom, jobba ivrige med eiga eller andre si slekt.
Neste møte blir ÅRSMØTE tysdag 21. februar kl 19.15. Alle velkomne.
|
Fyrste møte på nyåret blir
tysdag 17. januar kl 19.15. Og staden er som vanleg
Voss bibliotek i kulturhuset.
Kaffi/te/saft m/noko attåt berre kr 10.-.
Alle interesserte er hjarteleg velkomne ! ___________________________________
|
LAURDAG 7/1 - RADIODOKUMENTAR PÅ NRK P2
Radiodokumentaren "Good ship bad ship - om en
glemt skipstragedie med norske syndebukker" vert
sendt på NRK P2 kl.10.03 laurdag 7. januar,
med reprise sundag kveld (8/1).
Dokumentaren som NRKs Kjetil Saugestad har laga,
fortel om ei skipsulukke utanfor kysten av New
Foundland i 1914. Mellom dei omkomne var
familien Lone, som etter gransking gjennomført
av våre medlemar Marianne Bakketun og Liv Ystås,
viste seg å vera utvandrarar frå Voss - Løne var
vorte til Lone !
Sett av tid til å høyra på denne
interesanne dokumentaren !
Sjå og omtale i avisa
Hordaland laurdag 7.januar.
______________________________
|
|
Voss Ættesogelag ynskjer medlemer og andre eit godt nytt år.
________________________________
|
Siste møtet før jol: tysdag 6. desember kl 19.15 på
Voss bibliotek i Kulturhuset. Få hjelp eller hjelp andre. Sosialt samvær med
kaffi, te og kaker.
Alle velkomne !
____________________________________________
|
Vossabokdag på biblioteket laurdag 3. desember Program:
Kl 11 - 14: Quiz m/lokale spørsmål. Nyttige premiar. Kl 12 - 15: Sal av lokale bøker, nye og eldre. "Gamalt frå Voss"
kjem rykande fersk frå trykkeriet. Kl 13 - 14: Føredrag om dei lokale årbøkene "Gamalt frå Voss",
"Gamalt frå Stronde", "Frå fjell til fjord" og om boka
"Reimegrend". Gratis tilgjenge. Sal av kaffi, te, kaker og bollar. ___________________________________
|
Stort frammøte og god jobbing på møtet 15. november. Fleire nye fjes kom innom og alle fekk hjelp. Ellers var det sosialt samvær med kaffi, te, saft, skillingsbollar og horn.
________________________________________________________________
|
Arbeidsmøte tysdag 15. nov. frå kl 19.15 på Voss bibliotek. Få hjelp eller gi hjelp. Sosialt samvær m/kaffi, te og noko attåt. Alle slektsinteresserte velkomne.
____________________________________________________
|
Slektsforskardag på Voss - ein kjempesuksess!
Arrangementet var eit samarbeid mellom Voss ættesogelag, Voss bibliotek og DIS-Hordaland.
Lenge før dørene opna på Kulturhuset var det kø utanfor. Slekt er utan tvil i vinden no og folk i alle aldrar møtte opp. Dei to føredraga trekte frå godt over 40 til over 60 tilhøyrarar. Både godt og gale - då det vart vanskeleg for dei som sat bakerst å både sjå og høyre.
I tillegg til føredraga var det mange som fekk personleg hjelp med eiga slekt eller korleis ein kan bruke slektsprogram på data.
For dei som framleis har slektsspørsmål dei ikkje fekk svar på, er det råd å kontakta Voss Ættesogelag, Voss bibliotek eller DIS-Hordaland.
Voss Ættesogelaget har neste møte på biblioteket tysdag 15. nov frå kl 19.15 og i ca 2 timar.
Alle er velkomne, medlem eller ikkje!
|
|
foto : Geir Geitle, Avisa Hordaland
Laurdag 29. oktober kl 11 - 15 er det Slektsforskardag
i kulturhuset og biblioteket på Vangen. Medlemer frå DIS-Hordaland og Voss Ættesogelag vil hjelpa til med slektsspørsmål heile dagen. Mellom anna kan ein få sjå døme på slektsprogram for data.
To føredrag: Kl 12.00 - 13.00: Korleis koma i gang med slektsgransking.
Kl 13.30 - 14.30: Kjelder; kva finns på nett.
Gratis tilgjenge. Alle interesserte velkomne!
|
Stort frammøte og god jobbing på møtet onsdag 19. oktober. Trass "feil" dag, kom det 13 personar (men berre 11 til bords!). Dei fleste hadde eit eller anna dei jobba med eller fekk hjelp med. I godt lag og med god jobbing går tida så altfor fort.
Rundt kaffibordet vart det informert og fortalt: Kasserar Marianne fortalde litt frå DIS-Hordaland sitt 20 års-jubileum i Bergen. Festen var kjempekjekk med god mat og nok drikke. DIS-Norge vart stifta i januar 1990, DIS-Hordaland hausten 1991. Altså var Voss Ættesogelag svært tidleg ute med sitt interessemøte i des 1989!
Liv Ystaas, Jan Egil Mandelid og Marianne Bakketun har også hjelpt NRK Radio med fakta til ein dokumentar om eit skipsforlis, Empress of Ireland, som gjekk ned i mai 1914. Ombord på båten var ein familie med røter frå Staup/Løno og Flatekvål. Alle omkom. Det er opphavet og etterslekt av Hans Løne og kona Anna Flatekvål me har hjelpt til med. Me får beskjed når programmet skal sendast.
|
Arbeidsmøte på Voss bibliotek ONSDAG 19. oktober kl 19.15 - merk dag!
Høve til å jobba med eiga slekt, få hjelp eller hjelpe andre. Me prøver å hjelpe alle, same kvar i landet slekta kjem frå!
Kort oppsummering frå DIS-Hordaland sitt 20 års-jubileum i Bergen 1. okt.
Alle velkomne, medlem eller ikkje.
Kaffi, te, saft og noko attåt kr 20.-.
Informasjon om Slektsforskardagen 29. oktober på Voss. Arrangementet er eit samarbeid med DIS-Hordaland og Voss bibliotek og andre? Tema 1: Generell innføring i slektsforsking. Tema 2: Kjelder.
|
Stor interesse for slekt og data!
Med godt over 20 frammøtte, må Voss Ættesogelag seie seg nøgd med interessa for hausten sitt fyrste møte. To personar frå DIS-Hordaland viste og fortalde om slektsprogramma Brothers Keeper og Embla. Sikkert ein aha-opplevelse for nokon og gresk for andre. Det ligg minst like mykje arbeid bak ei anetavle laga på data, som laga for "hand".
Tida strakk ikkje til så mykje anna på dette møtet.
For dei som vil jobba med eiga slekt, blir det
arbeidsmøte ONSDAG 19. okt frå kl 19.15. (Merk dag).
Ellers må nemnast at DIS-Hordaland og Voss Ættesogelag blir vertskap for Slektsforskardagen 29. oktober, møtestad Voss kulturhus og biblioteket. Mellom kl 11 - 15 blir det to føredrag/tema som er opne for alle interesserte:
Slektsforskning - generell innføring Kjelder - kva finns
Me vonar å få med oss andre lag med interesse for slekt og historie.
Høve til å teikne medlemskap i Voss Ættesogelag.
Ved spørsmål om bruk av slektsprogram, er det mogeleg å ta kontakt med DIS-Hordaland :
|
| Siste møte før sommarferien |
|
Tysdag 26. april var siste møte før ein velfortent sommarferie. Trass flott vårvær møtte 14 personar. Det vart som vanleg jobba med eiga slekt og ein hjelpte kvarandre. 1910-teljinga er det mange som slit med. Den tenkte gjennomgangen gjekk i vasken, då Digitalarkivet hadde tekniske problem akkurat denne kvelden!
No blir det ein pause fram til slutten av september. DIS-Hordaland kjem kanskje på vitjing i september og viser oss korleis ein kan bruka ymse slektsprogram.
OBS! Voss bibliotek vil markere Verdas bokdag torsdag 4. mai kl 11 - 19. Litteraturkonkurransar for born, ungdom og vaksne. Konkurranseskjema på biblioteket frå kl 11. Innlevering innan kl 19. Kl 18 vil Reidar Reime fortelje om boka si "Reimegrend. Frå bondesamfunn til hyttegrend".
Sal og signering ca 30 min før og etter kåseriet. Gratis - alle velkomne!
|
Vitjing av DIS-Hordaland
Møtet 22. mars vart eit slags planleggingsmøte for Slektsforskardagen 2011. DIS-Hordaland ynskjer å legge Slektsforskardagen 2011 til Voss, kulturhuset og biblioteket - sjølvsagt i samarbeid med Voss Ættesogelag.
Leiar i DIS-Hordaland Tore J. Mehl, nestleiar Per Aase Andresen og styremedlem Jarle Hannisdal informerte om mogelege aktivitetar og samarbeid på Slektsforskardagen 29. okt 2011.
Og tidleg på hausten blir det eit temamøte i Voss Ættesogelag: Slektsprogram
|
Jan Egil Mandelid tok attval!
Årsmøtet opna med eitt minutts stille for å minnast Olav Fr Tvilde, som døydde uventa for kort tid sidan.
Av 33 medlemer kom 14 på årsmøtet, noko som er uvanleg bra! Årsmelding og rekneskap vart godkjent utan merknader. Valet gjekk også greitt, då Jan Egil Mandelid tok attval som leiar. Ny i styret er Lilly Traa. Reidar Reime held fram som revisor, medan Gunnar H. Ringheim får med seg Liv Ystaas i valnemda.
Etter sjølve årsmøtet vart det som vanleg jobba effektivt med ymse slektsoppgåver. Nokre fekk mykje hjelp, andre står framleis fast og lurer t.d. på korleis det er mogeleg å lure seg unna både 1900 og 1910-teljinga! Eller er det søkinga me enno ikkje taklar?
Den store oppgåva i år blir å stå som vertskap for Slektforskardagen laurdag 29. okt 2011. DIS-Hordaland ynskjer å legge denne dagen til Voss og kulturhuset. Alt skulle ligge til rette for ein flott arrangement på Voss. Meir info om opplegget på medlemsmøtet 22. mars.
Styret i Voss Ættesogelag for 2011:
Jan Egil Mandelid - leiar
Marianne Bakketun - kasserar
Berit M Furu - styremedlem
Lilly Traa - styremedlem
|
Årsmøte tysdag 22. febr kl 19.00-21.30 på Voss bibliotek, kulturhuset. Saker som skal opp på årsmøtet må sendast styret innan 15. febr.
Sakliste: 1 Godkjenning av innkallinga 2 Val av møteleiar
3 Val av referent
4 Årsmelding
5 Rekneskap
6 Val
7 Innkomne saker
Etter sjølve årsmøtet blir det høve til å jobbe med eiga slekt/få hjelp.
|
Kjempebra oppmøte på året sitt fyrste møte!
13 personar fann vegen til Kulturhuset og biblioteket denne kalde og glatte kvelden. Voss bibliotek har fått store, ljose og opne lokale - i visse høve litt for opne, men møtet gjekk fint. Diverre var ikkje rommet som skal huse lokalsamlinga ferdig rydda enno og bøkene ikkje på plass. Men med Liv sine lister og PC´ar, vart me hjelpne. Og det vart jobba mykje - alle hjelper alle. Folketeljinga 1910 er på nett, men neimen ikkje lett å søke i - før ein har "knekt koden". Mange personar som er "umogeleg" å finne. Møtet vart avslutta med kaffi, saft og nesten nybakte skillingsbollar.
Neste møte blir årsmøtet - tysdag 22. februar på biblioteket i Kulturhuset.
|
KLART FOR ÅRETS FYRSTE MØTE
Voss Ættesogelag har arbeidsmøte på biblioteket i KULTURHUSET
tysdag 25. januar kl. 19.00 - 21.30. Biblioteket er ope frå kl 11.00 - 19.00; kom gjerne innom "lenge" før. Omvisning i det nye biblioteket. Jobbing med slekt m.m. Kaffi m/noko attåt.
Alle interesserte velkomne !
MØTEPLAN vinter/vår 2011:
25. januar
22. februar - årsmøte
22. mars
26. april
|
OPPSTART 2011
Styret i laget startar året med styremøte komande veka.
Der vil møteplan for våren verta sett.
Sjå etter møteplan her på sida - kjem snart ...
...............................................................................
|
Voss Ættesogelag ynskjer medlemer og andre
ei god jol og eit godt nytt år. Takk for det gamle.
|
Travelt og hyggeleg møte tysdag 30. november
Trass kulden, kom det 11 personar til det siste møte før jol. Det vart prata og "jobba" til langt på kveld. Kasserar diska opp med kanelkake, pepperkaker, kaffi og gløgg! Neste møte blir vonaleg i januar - i Voss Kulturhus. Følg med på heimesida og i avisa.
God jol og godt nyttår!
Folketeljinga 1910 er no lagt ut på nett. Litt anna måte å søke på - les rettleiinga.
|
Siste møte før jol: tysdag 30. november kl 19.00 på Voss bibliotek, Tinghuset. Enkel servering! Alle velkomne!
Folketeljinga 1910 - på Digitalarkivet 1. desember. Det blir sikkert "kø" - ha litt tålmod!
Medan me ventar på Kulturhuset...
Ope møte i kantina på Tinghuset onsdag 24. november kl 18.00.
Informasjon om bibliotek, kino og kulturskulen.
Litteratur- og lokalquiz. Sal av "brukte" bøker.
Musikk ved kulturskulen. Enkel servering!
Alle velkomne!
|
Som vanleg stor aktivitet på Voss Ættesogelag sitt møte.
Tysdag 2. nov kom det 11 medlemer/interesserte innom møtet. Det vart jobba mykje og prata endå meir. Fleire av dei frammøtte hadde både spanande og tragiske historiar å fortelje. Gamalt frå Voss vart etterlyst. Blir spanande å sjå om det kjem ut til jol i år. I næraste framtid vil det koma eit framhald av Ættesoge for Stronde. Ellers var dette det nest siste møtet i biblioteket sine kummerlege lokaler. Siste møtet før jol blir 30. nov - på tinghuset. Kor lang tid flyttinga vil ta er litt usikkert, men ein gong utpå nyåret er biblioteket på plass i ljose og flotte lokaler i Voss kulturhus.
|
Som vanleg stor aktivitet på arbeidsmøtet vårt!
11 personar fann vegen til møtet tysdag 12. okt. Tradisjonen tru vart det jobba flittig med eiga slekt -
og ein hjelpte kvarandre etter beste evne.
Medlemstalet er no over 30!
Neste møte er bestemt til tysdag 2. november kl 19 - på biblioteket.
|
Hausten er komen - iallefall på kalendaren - og Voss Ættesogelag er i gang med møta sine. Det fyrste møtet 7. september samla berre 5 personar, men det vart jobba godt!
Møteplanen framover er planlagt slik: Tysdag 12. oktober Tysdag 2. november
Tysdag 30. november
Sjekk heimesida og lysing i Hordaland i tilfelle endringar. Møta vil framleis bli haldne på Voss bibliotek i Tinghuset. Møtestart kl 19.00.
Alle interesserte er velkomne!
|
Vossingar utflytta til Kinn 1800-1865
Me har fått oversendt link til denne oversikta over personar som flytta frå Voss/Vossestrand/Evanger til Kinn prestegjeld i perioden 1800-1865.
Egil Russøy er mannen som står bak denne imponerande flotte oversikta.
Gå inn på denne linken : http://vossaslekt.wordpress.com/Har du innspel til sida/personane som er omtala, ta kontakt ved å senda kommentarar på bloggsida.
|
Endeleg er "ferien" over.....
Voss Ættesogelag er i gang att etter ein lang sommar. Arbeidsmøte på Voss bibliotek, tinghuset, tysdag 7. sept kl 19.00. Tilgang til PC´ar, lokalhistoriske bøker, Liv Ystaas sine fantastiske lister m.m. Møtet er ope for alle, medlemer eller ikkje! Velkomne!
Kaffi/te m/noko attåt kr 20.-.
|
Nyhende frå Voss bibliotek - Boka kan lesast på lokalsamlinga eller lånast:
Farvel Norge: utvandringen til Amerika 1825-1975
Forfattar: Sverre Mørkhagen Forlag: Gyldendal
Forlaget skriv om boka:
- For første gang på 60 år kommer en samlet fremstilling av den norske utvandringen til Amerika - en råbarket historie fylt av vilje og håp, offer og savn, en historie alle norske familier har et eierskap til.
17. mai 1837 sto enken Gro Jonsdatter Rue med sønnen sin ved Tinnsjøen i Telemark. Sammen med 57 sambygdinger skulle hun legge ut på den lange reisen til Amerika. Gro var en av de første som utvandret fra Norge til Amerika. Nærmere en million nordmenn skulle følge i hennes fotspor.
Sverre Mørkhagen skildrer denne gigantiske folkeflyttingen i full bredde. Vi kommer tett inn på enkeltmenneskers dramatiske liv og får ny innsikt i hva som drev dem over havet. Det har vært forsket mye på denne viktige perioden i norsk historie, og forfatteren har på en imponerende måte overført disse funnene til god fortellekunst.
Boka er rikt illustrert. Andre bind, om innvandrernes skjebne i Amerika, utkommer i 2011.
|
Siste møte før sommarferien med godt oppmøte
Siste møte før sommaren vart halde tysdag 13. april i Voss bibliotek sine lokale i Tinghuset. Som tidlegare i vår, var det også denne gongen godt oppmøte. Laget har no 30 medlemer. Med sol og sommar i vente tek me no pause i møteaktiviteten. Me håpar likevel at du som medlem/interessert vil vera aktiv i ætte- og historiearbeid i sommarmånadane også. Og so ser me fram til ein aktiv haust. Møteplan for haust/vinter er førebels ikkje klar, men vil verta å finna her på sida når den er klar. Har du spørsmål om Vossaslekt eller anna, ta gjerne kontakt med oss i lagsstyret på e-post.
|
Mange nye på medlemsmøtet 16. mars.
15 personar møtte fram på arbeidsmøtet. Av desse var det 4 "nye" fjes. Lokala vart nesten for små for så mange. Alle jobba ivrig med eiga slekt eller fekk hjelp med både det eine og andre. Sjølv om Liv og listene hennar ikkje var på møtet denne gongen, fann ein løysingar på det meste i biblioteket sine samlingar eller på nett.
Interessa for ætte og historie er stor og laget har no 30 medlemer!
No er det eitt møte att, 13. april, før ein tek "sommarferie". Alle interesserte er velkomne på møta våre.
|
Arbeidsmøte tysdag 16. mars kl 19.00 på Voss bibliotek i Tinghuset. Alle velkomne!
|
Årsmøtet 9. februar samla 13 personar, dvs 50% av alle medlemene!
Årsmelding og rekneskap vart godkjend.
På val i år stod leiar Jan Egil Mandelid, styremedlem Marianne Bakketun og ny kasserar.
Styret for 2010 ser slik ut:
Leiar Jan Egil Mandelid
Nestleiar Liv Ystaas
Kasserar Marianne Bakketun
Styremedlem Berit M Furu
Etter sjølve årsmøtet vart det jobba flittig med slekt m.m. Under kaffien vart det også tid til gode historiar!
Neste møte blir tysdag 16. mars kl 19.00
|
Stort frammøte i det nye året!
Trass kulden, kom det 11 personar på det fyrste møte 12. januar. Arbeidslysta var det ingen ting å seie på. Som vanleg vart det jobba med eiga slekt og ein hjelpte kvarandre. Diverse oppslagsbøker i biblioteket var flittig i bruk. Likeeins Liv Ystaas sine "slektslister". Dei tre pcane på biblioteket var også i bruk mesteparten av kvelden.
|
Stor aktivitet på siste møtet i 2009
14 personar kom innom. Marianne Bakketun fortalde kort om ein del av alt det
kjekke og nyttige som finns i Digitalarkivet.
" Digitalarkivet er Arkivverkets kanal for å publisere digitalt arkivmateriale i bilete-, tekst- og databaseformat. Dette gjeld både elektronisk skapt materiale og materiale som er digitalisert frå original, mikrofilm eller frå tradisjonelle papirutgåver. Det digitale materialet vert tilrettelagt i Riksarkivet, statsarkiva og i eigne registreringseiningar. Noko vert også produsert i samarbeid med eksterne partnarar. Statsarkivaren i Bergen har drifts- og redaksjonsansvar for Digitalarkivet."
På komande møte vil me ha eit tema, t.d. søk i Folketeljingar og bruk av Skanna kyrkjebøker.
|
Vel møtt til nytt møte tysdag 24. nov kl 19.00
på Voss bibliotek, Tinghuset. OBS! Inngang frå framsida. Alle velkomne!
Ellers vanleg arbeidsmøte.
Møtedatoar framover blir slik:
Tysdag 12. januar 2010
Tysdag 9. febr - Årsmøte
Tysdag 16. mars
Tysdag 13. april
Sjekk heimesida vår og annonse i Hordaland for eventuelle endringar.
|
Stort frammøte tysdag 27. okt, til saman 12 personar! Rolf Erik Veka fortalde om biletbasen til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv, der Vaksdal er aktiv med. Også Modalen og Voss er med i denne basen. Sjå fotoarkivet
Ellers vart det jobba flittig med eiga og andre sine slekter.
|
|
OLAV K. DUGSTAD 1927-2009
Det var med sorg me mottok meldinga om at laget sin kasserar, Olav K. Dugstad, døydde brått i heimen torsdag 15. oktober. Leiaren i laget, Jan-Egil Mandelid, hadde vore heime hjå han på besøk same veka. Olav fortalde då at han hadde vore på Haukeland sjukehus ei veka, og framleis gjekk på medisinar, og ikkje følte seg so sterk. Han meddelte at han ynskte å få avløysing frå sitt mangeårige styreverv som kasserar i laget. Leiaren gav uttrykk for stor forståelse for dette, og takka for innsatsen han hadde lagt ned for laget, og at me likevel håpa å få sjå han på møta våre. At Olav sine dagar saman med oss skulle ta slutt so brått kom som eit sjokk. Våre tankar og medkjendsle går til familien.
Gravferda var i frå Vangskyrkja fredag 23. oktober.
|
Mange på første møte etter "sommarferien"
11 personar møtte på det første info- og arbeidsmøtet etter sommarferien. Det var tydeleg at folk var ivrige etter å ta fatt på både det eine og andre innan slekt og historie. Grunna utbygginga bak tinghuset, kunne me ikkje nytta kantina. Dermed vart det eit tett og intimt møte inni dei trange biblioteklokala.
Liv Ystaas fortalde om alt materialet som er "redda" frå Bømoen. Johannes Ystaas og Bjørn Pedersen samla ufatteleg mykje i samband med boka om IR10. Berre ein brøkdel av alt dette stoffet er med i boka. Men ein god del av det som ikkje kom med er no i Voss bibliotek (og delvis Voss Ættesogelag) si eige. Stoffet er samla og systematisert i ringpermar og plassert i kommunen sitt arkiv enn så lenge.
Biblioteket har også fått ein del anna materiell i "lausbladsystem". Liv har teke på seg å gå gjennom dette og få samla det i mapper/permar med ei innhaldsliste for kvar mappe. På sikt er det også meininga at Voss bibliotek skal få overta ein del gamle foto frå Bømoen og aktiviteten der. Dette er STORE innråma foto som ein vonar å få vist fram i det nye biblioteket.
Marianne Bakketun informerte om eit kurs i Bergen i regi av ABM-utvikling:
Digitalt fortalt. Her er det meininga at "vanlege" folk kan legge ut på nett korte kvardagsforteljinga knytta til kulturminne. Kulturminne er her tenkt som eit svært vidt begrep: ting, bygningar, kulturmiljø, tradisjonar og skikkar, dans og musikk, munnlege forteljingar m.m.
Kurset går over to dagar på Fylkeshuset i Bergen:
onsdag 28. okt og tysdag 10. nov. Begge dagar frå kl 9-15.30.
|
Stor aktivitet på arbeidsmøtet 21. april.
Trass fint vårvær, kom det heile 12 personar på møtet.
Alle jobba ivrig med eiga slekt eller ein hjelpte andre.
Voss Ættesogelag tek no "møteferie" fram til hausten.
Har du eit slektsspørsmål el.likn., ta kontakt med nokon i styret.
Me hjelper til så godt me kan.
God sommar!
|
Stor aktivitet på arbeidsmøtet tysdag 17. mars
13 personar var tilstades på arbeidsmøtet denne kvelden. Fleire nye fjes var å sjå. Alle jobba aktivt med eiga slekt eller hjelpte andre.
Siste møtet før "sommarferien" blir tysdag 21. april kl 19.00.
|
Årsmøtet 17. febr samla 11 frammøtte.
Jan Egil Mandelid tok attval som leiar og Liv Ystaas held fram som styremedlem.
Dei to andre i styret er Olav K. Dugstad og Marianne Bakketun.
Etter sjølve årsmøte-delen vart det jobba med eiga slekt eller ein hjelpte kvarandre.
Neste møte blir tysdag 17. mars kl 19.00
|
Fyrste møte i 2009 (arbeidsmøte) var tysdag 27. januar kl 19.00.
Ni frammøtte hadde det triveleg saman, og fleire kunne ved møteslutt reisa heimatt med nyoppdaga slektsopplysningar.
Tysdag 17. februar kl 19.00 vert det årsmøte.
Alle interesserte velkomne!
|
Siste møte før jol var tysdag 25. november kl 19.00.
Dei annonserte møta 11. nov og 2. des gjekk ut.
|
13 personar på arbeidsmøtet 21. oktober!
Talet 13 var absolutt ikkje noko ulukkestal for dei frammøtte. Som vanleg var det stor aktivitet på møtet og som alltid hjelpte me kvarandre så godt me kunne.
|
Verdas bokdag på Voss bibliotek 23. april 2008
Jan Egil Mandelid og Liv Ystaas stilte opp på Verdas bokdag med tilbod om hjelp til å finna slekt. Diverre var det ikkje så mange nytta seg av tilbodet.
Men oppslaget i Hordaland var flott:
|
Godt frammøte på siste møtet før sommarferien.
Trass varmt og fint vær, kom 8 personar på møtet.
Alle jobba ivrig med eiga slekt eller hjelpte kvarandre.
Voss Ættesogelag tek no "ferie" utan møte fram til tysdag 16. sept.
Har du eit slektsspørsmål/slektsproblem, ikkje nøl med å kontakte nokon i styret.
GOD SOMMAR!
|
Årsmøte i Voss Ættesogelag - med 16 frammøtte.
Årsmeldinga og rekneskap vart godkjend. Merknad om at ein kanskje bør knipe endå meir ned på lysingane i "Hordaland". På val stod leiar, Jan Egil Mandelid, kasserar Olav K. Dugstad og skrivar Marianne Bakketun. Alle tre tok attval. Likeeins vart revisor Reidar Reime vald for to nye år. Valnemda dei neste to åra blir Gunnar Hemre Ringheim og Terje Olsen.
Etter sjølve årsmøte fekk me eit spennade og interessant møte med ei husklynge på Gamle Vangen, nordvest for kyrkja. Gunnar H. Ringheim viste kart og bilete og fortalde om nokre få hus og alle folka som hadde budd der fram mot krigen. Mange av dei frammøtte hugsa både hus og folk.
Ellers vart det jobba med eiga og andre si slekt til langt på kveld.
|
MØTEPLAN 2008
Laget har hatt styremøte, og lagt opp til denne møteplanen :
Tysdag 29/1
Tysdag 26/2 Årsmøte
Tysdag 25/3
Tysdag 22/4
Tysdag 16/9
Tysdag 14/10
Tysdag 11/11
Tysdag 2/12
|
Stor interesse for postkort på møtet 27. november!
Mange interesserte møtte fram for å sjå deler av den imponerande postkortsamlinga til Terje Olsen. Terje har samla "seriøst" sidan midten av 80-talet. Postkorta er sett inn i permar og motiva ordna frå vest mot aust. Dei 16 frammøtte fekk ein minnerik kveld, der diskusjonane gjekk livleg rundt borda. Lars Jørdre hadde med seg nokre gamle kart som viste Reguleringsplan for Vangen på 1940-talet. Desse vart også studert nøye.
Foto: Marianne Bakketun
Biletet under: Interessa for postkortsamlinga til Terje Olsen var stor.
Biletet under: Einar Rekve studerar postkorta. Foto: Marianne Bakketun
Biletet under: Interessa for postkortsamlinga til Terje Olsen var stor. Foto: Marianne Bakketun
Biletet under : Gunnar Hemre Ringheim, Terje Olsen og Arne Farestveit. Foto: Marianne Bakketun
Biletet under: Lars Jørdre og fleire inntersserte kikkar på gamalt reguleringskart for Vossevangen. Foto: Marianne Bakketun
Voss Ættesogelag tek no "jolaferie". Informasjon om neste møte kjem over nyttår.
|
Møte i Voss Ættesogelag tysdag 27. november kl 19.00.
Til dette møtet er Terje Olsen invitert, og han vil ha med seg ein del av si imponerande postkortsamling, med motiv frå Vossabygdene. Spennande å sjå korleis det var før, og korleis ting har endra seg opp gjennom åra. Møtet er ope for alle. Ta turen innom Du og er vår oppfordring !
Møtestad : Tinghuset (inngang frå baksida, dvs bakgarden)
PS! Annonse kjem i tysdagsnummeret av Hordaland
Døme på "Vossa-postkort".
Over : Vossevangen (Hulda Bentzen). Under : Bolstad (K.Knudsen)
Stor aktivitet på forige møte, 30. oktober. 13 personar var tilstades og alle jobba ivrig med eiga slekt eller hjelpte andre.
|
HEIMESIDA VÅR PÅ NETTET I 1.ÅR !
Tysdag 16. november hadde heimesida vår 1.årsdag.
Mykje arbeid er lagt ned i sida gjennom året. Sjølv om det går litt i "rykk og napp", og tida vår ikkje heilt strekk til for alt me ynskjer å gjera, synest me sida er vorte ganske bra. Mykje arbeid gjenstår framleis, men me håpar du som er innom sida likar ho, og kan ha glede av ho.
|
Spennande gamalt førarkort !
Laget har fått avfotografert dette gamle førarkortet, som har tilhøyrt Brita Helgesdtr. Tillung. Ho var født i 1887, var ugift, og brukte "invalidemotorcykle" når ho køyrde rundt omkring i bygda og selde på bøker.
|
Fleire nye foto i laget si samling
Voss Ættesogelag har fått fire nye foto i samlinga si.
Det var leiaren i laget som kjøpte dei på internettauksjonen qxl. Alle fire er tekne av fotografar på Voss, men kvenn er personane på bileta ? Me er takksame for all hjelp !
Sjå dei andre bileta ved å klikka deg inn på
Foto-samlinga.
|
Flott interessant bryllaupsbilete motteke !
Biletet er teke 22. juni 1946, og viser deltakarane
i bryllaupet til Helge Tillung og Anna Sæd.
Spelemann i bryllaupet var Magnus Dagestad.
Fotograf : ukjendt ; Eigar av original : Anna Tillung
|
Vossakyrkjemessa 2007, med føredrag i Vangskyrkja
Sundag 20 mai kl. 13.00 var det føredrag
i Vangskyrkja v/Aslak Helleve.
Temaet var "Miltzowprestane i Voss".
Biletet over : Måleri av presten Henrik Gertson Miltzow (1599-1666),
som mange Vossingar, og andre med, ættar frå.
Orginalen er å finna i Vangskyrkja, Voss.
|
Gåve til laget
Voss Sparebank har hatt utdeling av "gåver til
allmennyttige føremål i Voss".
Laget hadde søkt, og det er med stor glede me no har fått informasjon om at Voss Sparebank har innvilga oss ei gåve på kr. 3.000,-. Pengane skal gå til "diverse materiell og drift av laget". Dette inneber fyrst og fremst naudsynt materiell i samband med fotosamlinga vår.
|
Felles Styremøte
Måndag 12. mars hadde me styremøte saman med Voss Sogelag.
Til møtet var også Voss Bygdeboknemnd og skriftnemnda for
"Gamalt frå Voss" kalla inn.
På saklista stod mellom anna utveksling av informasjon
om aktivitet, og mogeleg samarbeidprosjekt/fellesaktivitetar.
|
ÅRSMØTE AVHALDE
Tysdag 13. februar vart årsmøte i laget avhalde.
10 medlemer var til stades. Av dei som sit i styret,
var berre leiaren, Jan-Egil Mandelid, på val. Han vart gjennvald
for eit nytt år. Andre saker som vart handsama på møtet var
medlemskontigent og vedtekter for laget. Medlemspengane, som har
vore uendra i mange år, vart no sett opp til kr.150,-.
Vedteker for laget vart vedtekne, og er lagt ut på sida.
|
RASMUS SUNDE HELDT FØREDRAG
Laget hadde møte 30. januar.
Rasmus Sunde, med doktorgrad i emigrasjonshistorie,
var på besøk hjå oss og heldt føredraget "Utvandring frå Voss
til Amerika og Vossa-settlement". I tillegg informerte
han om guida turar han er med å arrangera til Amerika,
Island og Normandie. Heile 31 personar var til stades på møtet.
|
16. November 2006
Hei! Velkomen til heimesidene våre, som vart lagt ut på nettet i dag. Innhaldet på sidene er under arbeid. Innan juletider håpar me å vera komne så langt at du som besøkjande her, kan ha glede av sidene våre.
Fram til den tid, ha tolmod med oss .... : )
Biletet: Aktivitet på møtet i oktober
Biletet: Ein protokoll frå kommunearkivet
|