Koma i gang

Hei ! Kjekt du tok turen innom sidene våre : )

Her kjem nokre gode råd til deg som no er nybyrjar,
og vil finna ut meir om slekta.

KORLEIS KOMA I GANG ?

1. Start med å notera ned det du sjølv veit om slekta.
Døme : foreldre, besteforeldre osv. sine namn og fødselsdatoar.

2. Spør slektningar !

Eldre slektningar veit heilt sikkert mykje - snakk med desse !
Hugs - skriv ned opplysningane du får !!!

For å få oversikt over opplysningane du har samla inn,
kan det vera greit å nytta ei Anetavle.
KVA NO ?
Korleis koma vidare ?

Gå til dei skrivne kjeldene.
- ta i bruk bygdabøker/slektsbøker
- ta i bruk folketeljingar og andre kjelder på internett

TA DEG EIN TUR PÅ MØTE I VOSS ÆTTESOGELAG -
DER VIL DU FÅ HJELP I KORLEIS DU NYTTAR DEI SKRIFTLEGE
KJELDENE - OG DIREKTE HJELP TIL Å LEITA !

Få meir "kjøt på beina" !
Finn ut meir om personar i slekta.
- kven var dei ?
- kvar budde dei ?
- kva slags arbeid hadde dei ?
- korleis såg dei ut ?

Slike opplysningar gjer at du "vert litt meir kjend med personane".

SAMLA BILETE AV FORFEDRANE DINE !

Hjelpemiddel

Hei ! Kjekt du tok turen innom sidene våre : )

Me håpar å kunna hjelpa deg litt i gang, ved å visa til SLEKT.NO sine flotte side.
Her finn du mange gode råd og tips som kan vera nyttige både for deg, enten du er nybegynnar eller litt vidarekomen som slektsgranskar.

Venstreklikk her på SLEKT.NO for å gå vidare.

Linkar Slektsgransing

Her er ei liste over nyttige linkar for ein slektsgranskar :

SLEKT OG DATA (tidlegare Dis-Norge) med gravminner
Med lokallag. Oversikt over dataprogram for slektsgranskarar.





Norsk lokalhistorisk institutt


Digitalarkivet (med kyrkjebøker og folketeljingar m.m.)

SLEKTSTREFF
Dette er ei heilt ny side her på heimesida vår.
Meininga er at det her skal verta presentert informasjon om slektstreff/slektsstemner - både slike som er planlagt, og slike som har vore.
 
Veit du om planlagde slektstreff i Vossebygda dette året ? Gje oss melding om dette.
Har du bilete og/eller annan informasjon om/frå tidlegare slektstreff/slektsstemne, då er me og glad om du tek kontakt.
 
 
SLEKTSTREFF
2012
Helga 29/6 - 1/7 : Slektsstemne for etterkomarar m/familie av
Olaf O. Brudestolen og Ingeleiv L. Auro
(på Voss Jordbruksskule)


Her kjem eit lite referat :
Vi ble over 180 stk som var samlet en helg i Voss jordbrukskule sine lokaler. Det var et riktig flott sted å ha det på, anbefales!
Det kom slektninger både fra Canada og USA. Og fra Norge kom folk fra hele landet, deriblant endel fra Tromsø og noen fra Svalbard, så det var mange som hadde lang reisevei.
Av aktiviteter så var det besøk på Brudestolen, blomsternedleggelse på gravene til Ole Stolen og Ingeleiv Auro Stolen, og så var det en del musikalske innslag på jordbrukskolen fremsført av slektninger.
Yngste deltager var datteren min på 8 mnd og eldste var Marta Bolstad fra Voss på 82 år, så det var stor spredning i alder.
Det blir laget en slektsbok, så jeg skal gi lyd fra meg når den er ferdig. Jeg laget en fotobok som prøveeksemplar til slektstevnet og denne ble riktig flott, men prisen ble veldig høy. Regner med at den kommer til å koste en 900-1000 kr. Jobber med alternativer også.
Mvh Ronny Stolen Tollefsen

NB : Om nokon av våre medlem er interessert i denne slektsboka, så ta kontakt med styret i laget, så formidlar me interessa : )


SPONSORAR
Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
15/03/2024
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger