Fotosamlinga
(Sist innlagt nye bilete : 5/8-2007)
Voss Ættesogelag har i dag ei fotosamling på i underkant av 100 bilete. Me ynsker å utvida samlinga med fleire bilete av vossingar -folk som enten er/var fødde i Vossabygdene, eller som er/har vore busett i Voss.

Som slektsgranskar opplever ein ofte å koma borti foto der ein ikkje veit kven dei er, menneska som er avbilda.
Og av dei som kunne ha fortalt kven dei var,
er det få eller kanskje ingen attlevande.

Me ynskjer difor å ta del i bevaringa av slike opplysningar for ettertida, ved å avfotografera gamle fotografi og registrera opplysningar om motiv og fotograf.

Laget er difor takksame om me får høve til å låna gamle fotografi for avfotografering. Originalane vert tilbakelevert etter bruk.

Sida er framleis under utarbeiding, men det er meininga at det her skal verta lagt ut ein del bilete frå samlinga, til glede for deg som er innom sidene våre.

Det vil og verta lagt ut ei eige gruppe med bilete, der me manglar opplysningar om motivet.
Her ynskjer me hjelp til identifiseringa.

Ta turen innomatt sida om ikkje lenge -
her vil da koma meir .... : )

Våre fotoalbum
Motiv ukjent


SPONSORAR
Heimesida er laga med stønad frå:
 



Laga er medlem av:
Landslaget

Siste oppdateringar
på sidene våre 
17/09/2018
vosssogelag@gmail.com
|

VOSS SOGELAG
|

VOSS ÆTTESOGELAG
|

vossaslekt@gmail.com
        Rediger